Restaurantpakning
• Funksjonelle oppbevaringsbrett for storkjøkken
For meir informasjon, ta kontakt: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. (+47) 911 16 925
Eit måltid er summen av alle sanseinntrykk. Sitrusfrukter som smakstilsetning og pynt er vel og bra, men for gjesten som må bruke fingrane er det ikkje like elegant og reinsleg. Dråpefrisk fruktpresse er eit perfekt element på eller ved tallerken når sitron, lime eller appelsin er ingrediens eller supplement til retten. Enkelt, reinsleg og elegant. Er du glad i sitron eller andre sitrusfrukter f. eks. i te eller vatn, vil du elska Dråpefrisk. Del sitronen eller lime i to på langs og skjer deretter skiver som passar i pressa. Med tommel og pekefinger på pressa vil du enkelt få ut all saft.
Design, materiale og kvalitetsinntrykk hevar totalopplevinga og gir ein ekstra dimensjon til eit utsøkt måltid. Dråpefrisk er produsert i Frankrike av høgglansa copolyester som passar godt når gourmetmat blir servert. Materialet er FDA-sertifisert for varig kontakt med matvarer. Pressene tåler høge temperaturar og kan vaskast i industrielle oppvaskmaskiner.
Dråpefrisk sitruspresse blir levert i elegant forpakning, ideell som gåve / firmagåve. For restaurantar, firma eller organisasjonar tilbyr me inngravering av logo. Perfekt som profilering eller som ekstra gimmic.
For meir informasjon, ta kontakt: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. (+47) 911 16 925
Sitronpressa Dråpefrisk er fantastisk til sjømat. Reinsleg og elegant. Det same er Pagurus krabbebestikk, utvikla av selskapet Arkos. Dette er eit heilt unikt og svært funksjonelt krabbebestikk, ulikt alt anna som er å få kjøpt. Utstyret er av ypperste kvalitet i rustfritt stål. Materialet er slitesterkt og tåler oppvaskmaskin. Derfor er det naturleg for oss sjømatentusiastar å inngå eit samarbeid. Du får kjøpt både Pagurus krabbebestikk og Dråpefrisk sitronpresse i nettbutikken på www.pagurus.no
Til han eller ho "som har alt"
og er glad i god design,
eller berre elskar sitron i friskt vatn
eller i te.
Set prikken over i-en
ved middagsbordet eller på festen.
Dette er også den perfekte gåva til bedrifta sine kundar eller forretningssamband.
Blir garantert lagt merke til.
Produsert for dagleg bruk i glasklar polycarbonat
som er like elegant og fint etter lang tids bruk.